Velkomen til Jondal skyttarlag si heimeside!

"" ""
""
Støtt Jondal Skyttarlag med din grasrotandel!!

Send sms: grasrotandelen 993771457 til 2020 (gratis)

Kvartmatch vinter 2012

Finale vert fredag 3. februar kl. 18.00.



Finaleprogram:

Skyttarane tek med seg sin inngangssum frå innleiande rundar.

Ingen respit i finalen.

Finale, del 1, 20 skot, skytetid 10 minutt pr. 10 skot:

1, R, ER, V65: 2 x 10 skot ligg

J, V55: 10 skot kne, 10 skot ligg

4: 2 x 10 skot kne

5: 10 skot stå, 10 skot kne

Finale, del 2

10 enkle skot liggande for alle klassar der desimalar tél. Skytetid pr. skot: 1 min.

Etter finaleskytinga er ferdig vert det premieutdeling.

Vinnaren får eit gåvekort på Mo Sport, verdi kr. 500.

I tillegg vert det trekt ut 2 gåvekort, verdi 500,-,  blandt dei som har delteke på meir enn 3 innleiande rundar. 





Samlagsstemna miniatyr
Tørvikbygd innbyr til samlagsstemna i miniatyr 4. og 5. februar. Stemna vert arrangert i Strandebarm. Sjå innbyding her...
 
Skriv deg på liste som heng på skytebanen om du vil vera med. 1-5 og veteran betalar til Liv/Bjarne. Skyttarlaget betalar førehandspåmeldinga for ungdommane. Fristen er 27. januar.


Lagsmesterskap miniatyr
Lagsmester kl 3-5: Bjarne Sollesnes 236 poeng
Lagsmester kl V55: Sverre Krutnes 246 poeng
Lagsmester kl V65: Torleif Storhaug 248 poeng
Lagsmester kl 1: Alex Blokzijl 249 poeng




Miniatyrstemna 2012
7.-8. januar 2012 arrangerte Jondal skyttarlag 15 m. stemne. Det deltok 92 skyttarar. Elise Stien (bildet) frå Herdla fekk sitt 3. napp i vandrepremie til beste skyttar uansett klasse. Ho skaut 250 poeng i kl junior med 15 innerblinkar. 

Vinnar kl 3-5 vart Harald Brekke, Strandebarm med 244 poeng. 

RESULTAT alle klassar



Dersom nokon er oppført i feil klasse, ber me om at de sender ein epost til jondal@skytterlag.no

Pengepremiar vert sendt ut i løpet av veke 2





Krinscup onsdag 14. desember



Norgescup 2012

Jondal er, saman med Norheimsund/Øystese og Odda, tildelt 2. runde av norgescupen neste år. Runden går i forkant av LS i tidsrommet 6.-11. august. 

Me har arrangert norgescup 2 gonger tidlegare, i 1992 og 2002 med 473 deltakarar ved båe stemna. Me har forhåpningar at det talet vert dobla.

Me går no inn i planleggingsfasen og vil i fyste omgang utvida 200 metersbanen frå dagens 12, til 15 skiver.  



Kvartmatch-pokalen 2011
Bjarne Sollesnes vart vinnar av kvartmatch pokalen 2011 med ein flott finale på 106 poeng. Det er stillingsrespit og respit i dei ulike klassane. Alle skyt 30 skot innleiande og finale på 10 skot ligg med desimal til slutt. 



Veteranstemna 2011
56 skyttarar møtte til veteranstemna i år.

Harald Holdhus, Åsane/Hordvik vann V55 med 343 poeng.

Erling Haugland, Fana vann V65 etter omskyting med Paul Haugen, begge med 350 poeng.

Nils Lothe vann V73, også han med 350 poeng.



Samlagsstemna bane 2011
Liv Sollesnes vart samlagstmester med 344 poeng.

Klassevinnarar:
1: Per N Aalvik, 246
2: Jostein Bråten, 244
V55: Arne Berge, 344
R: Jostein Kvåle, 340
ER: Silje Flotve, 349
J: Leif Malvin Hjelmevoll, 347
V65: Johannes Skaar Bakke, 350
V73: Nils Lysen, 350

Det deltok i alt 114 skyttarar. Jondal skyttarlag gratulerer vinnarane og takkar alle for frammøtet.


Premielister

Dersom det er feil i premielistene, ber me om å få tilbakemelding så snart som råd til jondal@skyttarlag.no. Premieoppgjer vert sendt ut om ca ei veke.


Skytingens dag 2011
Me hadde ei flott markering av skytingens dag på sundag den 14. august. Liv og Nils sine prestasjonar i Bodø vart markerte med lovord både frå skyttarlaget, ordførarane i Jondal og Ullensvang, og andre som ville ha ordet. Etterpå var det kaker og kaffi til dei mange frammøtte.

Men det var jo skytingens dag, og omlag 30 personar prøvde skyttarsporten. Dette seier me oss svært nøgde med, og håpar det gav meirsmak.


LS Bodø


Laurdag 5. august:

Nils tok likegodt dobbeltsiger i klasse V73 då han også vann felten. Han skaut ein solid finale med 12/8, ein sum ingen andre kunne hamla opp med på den vanskelege ls-figuren. Gratulerar!

Torsdag 4. august:
Liv vart skyttarprinsesse med 343 poeng. 

Etter å ha skote 100 på omgangen og 343 poeng leia Liv kampen om prinsessetittelen saman med 2 andre. Etter at Linn G. Larsen hadde fått anvist sin finaleomgang i kongelaget, var det klart at det var 4 damer som måtte ut i omskyting om prinsessetittelen. Liv skaut der 98 poeng og hadde nok innertiarar til å rangere føre Katrine Høybakk. Dermed var saken klar, Liv har vorte skyttarprinsesse for 4. gong.

Skyttarlaget gratulerar!














Onsdag 3. august:
Nils gjekk til topps i klasse V73 på banen. 350 med heile 8 innertiarar på finalen kunne ingen gjera noko med. 
Gratulerar!

Liv er klar for prinsesselaget i morgon med 243 poeng.

Etter at innleiande skyting er avslutta på felten, er det klart at Bjarne er klar for felthurtigfinale på fredag.
 
Du kan fylgja med på resultat og livevisning her...

Liv vann norgescupstevnet på Bjøllånes med 348 poeng!



For annan info om LS, gå inn på www.dfs.no og www.ls2011.no






Lagsmesterskap bane
Bjørnar vart suveren lagsmester med 342 poeng.

21 skyttarar møtte. Etterpå var det grilling og sosial samkoma.




Hordastemna 2011, Fana
Gratulerar til Nils som Hordamester og til veteranane som vann lagskytinga!


Etter 55 teljande skot i løpet av helga, skaut Nils liksågodt 55 tiarar (dei fleste sentrum) og gjorde reint bord på skytingane han var med på. Individuelt vann han klasse V73 i hard konkurranse med andre som hadde 350.

Veteranlaget til Jondal var tidleg oppe sundag for å skyta lagskyting. Torleif og Nils innleia lagskytinga med 200 poeng og heile 19 sentrum. Så var det opp til Sverre å fylgja opp, og det gjorde han med stil. Også han skaut 100 poeng, og Jondal nådde dermed maksimalsummen 300 poeng på lagskytinga. Ein poengsum ingen andre kunne hamla opp med. Fantastisk.

Kåre Jørgen låg på skive 1 føre finalen i klasse Junior, etter den overbevisande innleiande skytinga med 250 poeng laurdag. På finalen vart han desverre ørlite skeiv, og det sneik seg ut ein 9.7. Likevel ein strålande prestasjon med 349 poeng, noko som resulterte i 4. plass.

Liv vart beste kvinne på Hordastemnet med 343 poeng. Sverre skaut ein god omgang og klatra til ein 4. plass i klasse V55.

På lagskytinga på 200 meter kom Jondal på 2. plass, 2 poeng etter Åsane. Med på laget var Bjarne (96), Bjørnar (94) og Liv (100). 

Nils og Sverre var også med på å vinna samlagsskytinga i veteran for Hardanger og Voss I.

For fleire resultat: www.dfs.no/fana


1. maistemna 2011

KL 3-5:
John Olav Ågotnes, Sartor vart vinnar av 1.mai stemna i Jondal for 4.året på rad med 346 poeng som også er banerekord på den nye 200 m banen. Arild Røyseth, Å/H var poenget bak og vart nr 2 med 345 poeng, medan John Borge frå Brukvik skaut gode 343 poeng og vart nr 3.

Øvrige klassevinnarar:
Kl V55 Alf Høysæter, Tysse 345 poeng. 
Kl 1 Kjetil Faugstad, Sartor og Nils Heradstveit, Tvb 246 poeng
Kl 2 Steinar Lund, Aga og Vikebygd 242 poeng
Kl 3 John Karsten Øglend, Gjesdal  330 poeng 
Kl 4 Øystein Haugland, Fana 342 poeng

Kl Rekrutt: Markus Gjelsvik Løtvedt, Osterøy 346 poeng
Kl Eldre Rekrutt: June Kvandal, Røldal 349 poeng
Kl Junior: Elise Stien, Herdla 350 poeng
kl V65: Magne Norvik, Tysse 350 poeng
Kl V73: Arnold Haugen, Fana 350 poeng (31 innerblinkar!)

Årets stemne innvia den nye 200-meter bana. Det deltok 220 skyttarar og stemna vart avvikla under gode skytetilhøve. Svært bra deltaking på 100 m blant ungdomsklassane. 

Dersom nokon er oppført i feil klasse, er det fint om de kan senda oss ein epost. Premieoppgjer vert sendt ut ca 9.mai. 


200 meteren er klar for bruk
Etter hektiske dagar for mange i laget, gjenstår det kun siste finpussen før den nye 200 meteren er ferdigstilt. 

Fantastisk innsats av alle som har gjort sitt til at me no er ferdige!



Lagsmesterskap i felt 2011
Me hadde lagsmesterskap i felt palmalaurdag. Med flott skyting, 30/17 vart Harald lagsmester på grovfelten. 16 skyttarar deltok, noko som er bra.

Resultat:




Hordastemna Felt 2011
Fleire av våre skyttarar gjorde det godt på Hordastemna i Røldal. 

Nils vart Hordamester i klasse V73 etter omskyting med Dag Midthun. 

På grovfelten fekk fleire medalje/stjerne:
Sverre og Harald fekk medalje, Liv og Bjarne fekk stjerne.

I tillegg vann Jondal lagskytinga på grovfelten, med på laget var Bjarne, Liv og Lars.


Finaleresultat










Krins og samlagsstemna i felt 2011
Fleire skyttarar frå laget har i helga vore på feltskytingar.
 
Larudag 2.april var det krinsstemna på Varaldsøy. Leiv vart krinsmeister i kl. V65.
 
Sundag 3. april gjekk turen til Eidfjord og samlagsstemna der. Ingen av våre skyttarar nådde heilt opp. Victoria vart nr. 3 i rekruttklassen og fekk medalje.


Jondalsfelten 2011
Jondalsfelten er komen vel i hamn, 87 skyttarar deltok. Dette er 4 meir enn i fjor, noko me seir oss nøgde med. Me har likevel plass til mange fleire i feltløypa! Forholda var svært gode og jamne gjennom heile dagen.

Håkon Leganger, Rosendal vann stemna med 30/15. Magne Strømme, Bergen hadde same resultat, men vart rangert bak. 

Takk til alle som tok turen til dobbeltstemna i år. For resultat frå Strandebarm si stemna, henviser me til Strandebarm skyttarlag sine heimesider.

Stor takk til alle som var med og arrangerte!

Resultat:




Feltsesongen byrjar!
Intern feltskyting 2011

Jondalsskyttarane har gjennom 2 laurdagar førebudd seg på feltsesongen med intern konkurranse. Så no får me håpa alle er innskotne og klare for sesongen. Lykke til!

Resultat 19.02.11

Resultat 12.02.11:




Samlagsstemna miniatyr 2011
Samlagsstemna vart arrangert på Voss, Jondal stilte med heile 17 (!) deltakarar. Kjempebra, sånn skal det vera! 

Me fekk to klassevinnarar:
Nils trekte igjen det lengste strået i klasse V73, vart best rangert på 247 poeng.
Lars hadde og marginane med seg og vart vinnar i klasse V55 med 246 poeng. 




Finale Kvartmatch, "fredagstreffen"
Då var alle dei 6 innleiande skytingane unnagjort, 20 skyttarar har skote ein gong eller meir. Av desse har 14 skyttarar fullført med meir enn 4 teljande resultat. Desse er klar for finale 4. februar. 

 
Finalevinnar vart Liv med 599,1 poeng samla. Det var "close race" heilt til siste finaleskot, Eilev fulgte nermast 7/10 bak.
 
Som vinnar vann Liv eit gåvekort på Mo Sport. To gåvekort vart trekt ut; Frank og Torleif vann kvart sitt.
 


Lagsmesterskap miniatyr 1-5 og veteran
Bjarne Sollesnes lagsmester kl 3-5 med 239 poeng og Nils Lothe skaut 250 i kl V73. I kl V55 vann Lars Færevåg med 246 poeng. Heile 15 skyttarar deltok. 



Store øydeleggelsar i 300 meter grava
Uvêret forrige helg har gjort store øydeleggelsar i 300-metergrava. Bekken som renn ved sida av grava hadde teke et nytt løp og gått gjennom bakveggen på skiveoverbygget. Som dykk ser av bileta er det meste av grava fylt med sørpesnø. Takstmann har vore på staden og fått oversikt over skadene, og vil i løpet av et par veker komma fram til eit erstatningsoppgjer. Det meste tyder på at siste skot er skote på den over 30 år gamle 300-meterbanen, og at arbeidet med ny 200-meter vert framskunda.

Sjå bilete her.

Bjarne, 22. januar, oppdatert 28.01.11


Miniatyrstemna 8.-9. januar 2011
Miniatyrstemna 2010 samla 83 skyttarar til dyst. Best av alle uansett klasse vart Elise Stien, Herdla som fekk sitt 2. napp i vandretrofêet med 250 og 15*. Også to andre skaut fullt hus: Leif Håkon Kaldestad, Husnes i klasse 1, og Johannes Skaar Bakke, Strandebarm i klasse V65. Klasse 3-5 vart vunnen av Liv Sollenes, Jondal med 243 poeng. Ho rangerte føre Dag Skår, Tvb og Anna P Hjelmevoll, Voss på same poengsummen.

Takk til alle som trossa vær og føreforhold og møtte! 

Vel møtt igjen til feltstemne 20. mars :-)




Årsmøte
Årsmøte vart haldt 5. november. 11 medlemer møtte. Møtet var konstruktivt med mange gode innspel.



"Fredagstreffen"
Det vart bestemt på siste styremøte at me skal ha ein uhøgtidleg konkurranse gåande gjennom miniatyrsesongen. Den byggjer på konkurranseforma me hadde under kvartmatchskytinga i haust. Gjennom 6 fredagar kjem det til å vera innleiande konkurransar der ein til slutt kan stryka to av dei, slik at dei 4 beste resultata ein har tel før ein avsluttande finale. Dette er for å få litt konkurranseorientert trening som kanskje kan skjerpa skyttaren det vetle ekstra. Håpar dette fell i smak blandt skyttarane. Det vil kosta ein 20-kronar ekstra på desse skytingane som går til ein premie.
 
Følgande fredagar er sett opp gjennom vinteren:
 
19. november                 17. desember
26. november                 7. januar
10. desember                 21. januar
 
Finale: 4. februar
 
Styret.


Ungdomssamling
20 ungdomar frå Hordakretsen deltok på ei vellukka samling i Jondal 18.september 2010. Fyrste del av dagen var det feltskyting som stod på programmet og dei eldste fekk prøva seg på grovfelt medan dei yngste skaut finfelt. Etter middag var det baneskyting med ståande og kneskyting. Alt i alt imponerande god skyting og me håpar at dette var ei vitamininsprøyting til vidare satsing og trening framover mot neste sesong. Takk til alle som var med og hjelpte til!

Liste over påmeldte finn de her.
Program finn de her.

Vel møtt!

Hordakretsen, Hardanger og Voss sitt ungdomsutvalg og Jondal skyttarlag inviterer til ungdomssamling laurdag 18. og søndag 19.september. Samlinga er for Eldre Rekrutt, Junior og fyrste års senior skyttarar. Lagvis påmelding til Hordakretsen innan 12.september 2010 (sjå invitasjon). John Olav Ågotnes er med som instruktør. Det vert mykje skyting og mykje moro... Velkomen til Jondal.

 Invitasjon finn de her.


Kvartmatchskyting
Sundag 12. september skipa skyttarlaget til kvartmatchskyting.

John Birger Stavenes vart vinnar med poengsummen 406,1 poeng. Det vart fyrst skote kvartmatch med respit i dei ulike klassane og til slutt finale med 10 skot ligg der desimalane talde. 12 skyttarar møtte opp til ein fin avslutning på sesongen.

Resultatliste finn de her.



Samlagstemna bane 2010
Liv Sollesnes vart samlagsmester i baneskyting kl 3-5 med 346 poeng etter 247 og 99 på omgangen. Liv var 4 poeng føre Niclas Øye, Tørvikbygd og Anna P Hjelmevoll, Voss
som begge enda på 342 poeng. I klasse Eldre Rekrutt vann Kåre
Jørgen Underhaug nok ein flott siger og vart samlagsmester med 348
poeng. I kl V65 vart Torleif Storhaug nr 2 med 347 poeng og Nils Lothe vart nr 3 i kl V73 med 349 poeng. Granvin skyttarlag stod som arrangør av stemna og resultatlistene finn de her:

Resultat 200 m   
Resultat 100 m


LS 2010




Oppsummering: Det har vore ei innhaldsrik veke som jondøling på landsskyttarstemnet. Innhaldet har stort sett vore i positiv retning, sjølv om nokre har fått seg ein og annan nedtur. Men det høyrer med som ein del av skyttarsporten. Heile 5 jondølingar har vore i finalar gjennom stemna, noko som er godt gjort av eit lite lag som me er. Det er spesielt gledeleg at me har fått fram eit stort talent i Kåre Jørgen. Han har hatt eit stort landsskyttarstemne og det må væra til inspirasjon for dei andre yngre skyttarane som kan sjå at det er mogleg å nå opp blandt dei beste rekruttane i landet når ein kjem frå Jondal! Bjørnar var svært nerme eit kongelag, og sette Jondal på kartet i onsdagens direktesending på NRK. Fantastisk med heile 344 poeng på landsskyttarstemnet, og endeleg medalje på LS!! Til slutt enda Bjørnar på ein flott 23. plass på totallista. Igjen har Nils vist han har taket på LS. Han var i likhet med Kåre Jørgen i finalen på alt han var med på. Den beste plasseringa fekk han på banen med 4. plass (349) og medalje. På felten vart det ein 11. plass, sjølv med fullt hus og 9 innertreff. I tillegg skaut Lars og Liv finalar utan å nå i edelt metall.

Bjarne, 7. aug.

Laurdag 7.aug: Eit fantastisk landsskyttarstevne for Kåre Jørgen vart avslutta med feltfinale idag, og igjen gjorde Kåre det skarpt. Med 12/10 i finalen vart han til slutt nr. 26 i klasse ER. Gratulerar med flott innsats på LS, Kåre Jørgen!!

Fredag 6.aug: Kåre Jørgen starta dagen med å skyta 100 med 9 sentrumsblinkar og var med på  Hardanger og Voss sitt lag på samlagsskytinga for rekrutt/junior. Laget tok ein flott 7.plass. Nils skaut 12/9 i feltfinalen for kl V73 og vart nr 11 i ein svært jevn finale.

Torsdag 5.aug: Bjørnar banka inn 100 på omgangen og med 344 poeng vart det ein fantastisk flott 23.plass på landsskyttarstemna og mesterskapsmedalje. Me gratulerer! Liv fekk berre anvist 9 skot og 89 poeng på omgangen. Ein protest og ekstraskot vart ikkje teken til fylgje. Lars skaut 99 på omgangen og totalt 342 poeng. Dette heldt til ein 16.plass i kl V55.

Onsdag 4.aug: Imponerande skyting av Bjørnar på LS. 244 poeng og berre ein niar på siste skotet på grunnlaget hindra ein plass på kongelaget. Liv skaut også bra og med 243 poeng vert det finale på torsdag. Kåre Jørgen fyllte alle halda på felten og med 30/23 vert det feltfinale i kl ER på laurdag. Me gratulerer nok ein gong med glimrande skyting! 

Tirsdag 3.aug: vart ein stor dag for skyttarne frå Jondal. Nils skaut 100 poeng med 8 sentrum på omgangen og avanserte til 4.plass i kl V73. Han fekk med dette 349 poeng og medalje. På samlagskytinga for senior skaut Liv ankeretappen på laget til Hardanger og Voss som vart nr 3 og fekk Ese-medalje i bronse. På laget skaut Niclas Øye (96) Anna Hjelmevoll (99) Audun Kvandal (94) Liv Sollesnes (98). Dette er samlaget sin beste prestasjon på svært lang tid. 

I kl Junior skaut Harald eit flott resultat med 245 poeng. 

Mandag 2.aug: Nils fulgte opp den fine innsatsen frå felten med 249 på banen, berre ein 9,9 øydela for fullt hus. Det vert likevel finale tirsdag ettermiddag.

Kåre Jørgen imponerer stadig og har skote 349 poeng etter 249 og 100 på omgangen. Dette ga ein flott 30.plass i kl Eldre Rekrutt. Me gratulerer! Ellers vart det ikkje heilt klaff på felten for 5.klassingane, men nokre beger på stang, felthurtig og minnemedaljer vert det nok. 

Søndag 1.aug: Lars var den einaste frå Jondal som kom noko lunde hederleg frå innleiande skyting i kl V55 med 243 poeng, dette heldt akkurat til finaleplass.

Laurdag 31. juli: Nils har skote fullt (30/28) på feltrunden i klasse V73 og er klar for finale på fredag. 

Fredag 30. juli: Fleire av våre veteranar har vore i aksjon idag. Torleif skaut 248 poeng på banen i kl. V65. Sverre var best av V-55 skyttarane på felten med sine 25/10.


Vestlandsstemna 2010
Liv gjekk til topps i baneskytinga på Vestlandsstemna som vart arrangert på Os. Ho hadde 247 poeng innleiande, og 99 poeng heldt i finalen og 346 poeng totalt.
 
Nils vart nr. 2 i klasse V73 på banen, med sine 349 poeng.
 
Kåre Jørgen kom på ein flott 3. plass i Eldre Rekrutt, også han med 349 poeng. Han var og med på vinnarlaget på samlagsskytinga for Hardanger og Voss.
 


Hordastemna 2010
Jondal skyttarlag gjorde det godt på Hordastemna som vart arrangert i Omvikdalen. Liv vart for 5. gong Hordamester i baneskyting. Med 345 poeng vart ho rangert føre Rune Seim og John Olav Ågotnes. Bjørnar viste tegn på gamal storheit, og kom på ein imponerande 4. plass. Han var poenget bak Liv, med 344. 

Nils skaut seg til topps i kl. V73, med ennå eit 350 resultat. Han var og med og vann samlagsskytinga med Hardanger og Voss.



Lagsmesterskap bane
Lagsmesterskapen er unnagjort med skyting og grilling i etterkant. Opplegget såg ut til å falla i smak hjå deltakarane, veldig hyggeleg at mange møtte!

Dag-Kjetil vart lagsmester i kl. 3-5 med glimrande 341 poeng. Han var heile 5 poeng før neste utfordrar. Kåre Jørgen skaut igjen 350 poeng, no med 30 (!) innerblinkar i Er. Nils viste også form, nok ein gong 350 i V73.




Liv leiar Norgescupen etter fyrste runde
Med 1.,2. og 5. plass på dei tre stemna i Os, Åsane/Hordvik og Fana leiar Liv norgescupen etter 1. runde. I Åsane og på Os skaut ho til 348 poeng, 346 poeng på Fana.

 

Sjå omtale og resultater her.


Kåre Jørgen skaut 350 poeng
Gratularar til Kåre Jørgen som endelig fekk resultatet me alle har venta på. På det opne stemnet til Eidfjord klaffa alt, og et nytt tilskudd til 350 klubben var eit faktum. Kan me håpa på at endo fleire melder seg inn i klubben i år? :)

Jaktfelt/oppskyting
Her finn du datoar for årets jaktfelt og oppskytingsdatoar.




Martin i 350 klubben
Jondal skyttarlag har fått sitt fyrste medlem av 350 klubben.

 Sisteårs junior, Martin Lilleås klarte bragden på årets 1. maistemna, han vann óg stemna samstundes.

 Gratulerar!

 Me trur og håpar det kjem fleire medlemmer i den klubben dei neste åra.


1. maistemna 2010
192 skyttarar fann vegen til Jondal på 1. maistemna. John Olav Ågotnes, Sartor vann stemna med 346 poeng.





 


Skyttarlagsbasaren 31. mars 2010
Basaren vart nok ein gong ein kjempesuksess for skyttarlaget med eit overskot på ca. 74000,-.

Tusen takk til alle som kjøpte lodd og alle som støtta basaren med premiar. 



Lagsmesterskap i feltskyting
Det vart arrangert lagsmesterskap i felt laurdag 27. mars under flotte forhold. Sverre Krutnes vart lagsmester på grovfelten med 30/16.

Øvrige klassar:
Eldre rekrutt: Kåre Jørgen Underhaug, 30/22
Junior: Harald Kvåle, 30/24
V65: Torleif Storhaug, 29/17
V73: Nils Lothe, 29/25



Samlagsstemna felt 2010
Tørvikbygd arrangerte samlagsstemna i felt sundag 21. mars. Kåre Jørgen gjorde det best av Jondal sine skyttarar, då han vart nr. 2 i klasse Eldre rekrutt med 42/3. Leiv og Torleif skaut finale i klasse V65. Begge hadde med seg 30 treff inn i finalen, der dei enda på 10 treff båe to og ingen topplasering denne gongen. Dag-Kjetil og Liv hadde skaut godt innleiande og gjekk inn i finalen med 30 treff. Bjarne og Lars hadde 29. Jondal vann lagskytinga på grovfelten med dei tre fyrstnevnte på laget. Men finalenhalda lurte alle jondølingane og Dag-Kjetil vart best av oss med 4 treff i finalen. Finaleresultata til oss andre bør sensurerast frå fyrstesida, for spesielt interesserte henviser ein til resultatlista :).



Hordastemna i felt 2010
Fana arragerte sundag 14. mars Hordastemna i felt, og kom vel ifrå oppgåva med 10 jondølingar til start. Været var stort sett bra, og forholda nokolunde like for alle. Fleire jondølingar skaut finale, men me fekk ingen meistrar denne gongen. Leif hadde 30/19 før finalen i klasse V65. Han skaut også fullt i finalen, men i den knallharde konkurransen om innertreffa vart 12/6 for lite mot dei beste og til slutt ein 12. plass. Men uansett ein flott prestasjon. Kåre Jørgen skaut veldig bra på den innleiade skytinga, 30/24, men mista eit treff i finaleskytinga og fekk til slutt ein 11. plass i klasse ER. På grovfelten skaut Liv og John Birger finale. Det vart 6. plass til slutt på Liv med 40/5, mens John Birger til slutt vart nr. 18 med 37/2. 

Resultat finn du her.


Dobbeltstemne i felt!!
Jondal og strandebarm skipa til dobbelt feltstemne på Espeland/Byrkjeland i Jondal, 7. mars. 83 skyttarar deltok på stemna under jamne forhold, noko arrangørane ser seg svært nøgde med.

John Olav Ågotnes, Sartor vann Jondalsfelten som den einaste med 30 treff (30/22). Alf Høysæter, Tysse fulgte på plassen bak med 29/18. Åsne Skår, Tørvikbygd var best av dei 7 som hadde fullt hus i juniorklassen med sine 30/26. Leif Malvin Hjelmevoll, Voss tok sigeren i ER, med 30/22. Malvin Ågotnes, Sartor (V65) og Arnold Haugen, Fana (V73) vann begge sine klassar med 30/26.

Det var på forhånd sett opp to gåvepremiar som skulle trekkast ut blandt dei som deltok på begge stemna, vinnarar vart:

Grovfelt: Magne Høysæter, Tysse vann ei sølvskei.
Finfelt: Kåre Jørgen Underhaug, Jondal vann ein pc-bag.

Resultat: (premielister ligg under "resultat")










Det vart attgløymt ein pakke med rekruttammo, merka JP.





Lagsmesterskap miniatyr Senior/veteran
Leiv, Sverre og Bjørnar vart lagsmester 15 m. Resultatliste finn du her.


Miniatyrstemna 2. og 3. januar 2010

Årets miniatyrstemna er avslutta, og 93 skyttarar deltok. Elise Stien, Herdla (bildet, kl. ER) vart vinnar av vandrepokalen til beste skyttar uansett klasse med sine 250 poeng og utrulege 22 innerblinkar. Liv Sollesnes, Jondal vann klasse 3-5 med 247 poeng føre Dag Skår, Tørvikbygd med 242.
 


Lagsmesterskap


Lagsmesterskapet vart arrangert sudang 13. september. 15 skyttarar møtte til dyst. Bjørnar vart lagsmester med 334 føre neste og einaste motstandar i 3-5, Bjarne som hadde 331. Sverre vart rangert føre Lars på omgangen og vann V55 med 339.

 

På 100 meteren, vart følgjande lagsmestrar:

V73: Nils Lothe, 349

V65: Leiv Lirhus, 341

R: Andreas Kvåle, 341

ER: Kåre Jørgen Underhaug, 346

J: Harald Kvåle, 339

 




Konklusjonen må nok verta å flytta lagsmesterskapet på bane til tidlegare på året, for å få fleire med på skytiga. Det er litt uheldig at lagsmesterskapet går etter startskotet for hjortejakta, men då helgane stort sett er opptekne vert det kanskje i framtida lagt til en fredags kveld eller liknande.


Krinsstemna bane 2009
Vareld skyttarlag arrangerte laurdag 22. august krinsstemna i baneskyting på banen til Tørvikbygd. Liv vann stemna med 341 poeng. Nils vann V73 med fullt hus igjen. Kåre Jørgen skaut fullt på 25-skoten, men måtte nøya seg med 97 på omgangen og 4. plass. Lars vann stangskytinga med 22 treff.
 
Jondal vann lagskytinga på 300-meteren med John Birger (89), Bjarne (95) og Liv (99).
 
 


Samlagsstemnet bane 2009
Sundag 16. august vart samlagsstemnet på bane arrangert på Aga og Vikebygd sitt nye flotte anlegg. Arrangørlaget kom vel ifrå arrangementet.
 
Sjølv 200-meteren er veldig fin å skyta på uteblei dei store resutata i klasse 3-5. Liv fylte på samlagstittelkontoen, då ho med 100 på omgangen og til saman 342 poeng sigra poenget føre Dag Skår. Bjarne vart nr. 3 med 338 poeng.
 
Nils har vorte både Horda og vestlandsmester på bane tidligare i år, og var enno ikkje mett på titlar. Med 350 poeng kunne han igjen jubla for ein ny tittel i kl. V73.
 
Kåre Jørgen har teke steget opp på toppnivå i klasse ER. Etter litt surr under LS, var han nok revansjesugen og fulgte opp med glimrande skyting. Det enda med ein glimrande 2. plass med 349 poengl. Tidsspørsmål før 350?
 
 
 
 


Landsskyttarstemnet Evje -09
 Så var årets LS historie. Jondal stilte til slutt med 17 deltakarar. Nokre av dei var debutantar og fekk kjenne LS stemninga for fyrste gong, håpar det gav inspirasjon til mange deltakelsar.
 
Fleire av våre deltakarar gjorde sine ting bra, andre hadde nok håpa på fleire treff eller poeng. Utvilsomt den beste prestasjonen stod Lars for. Han leia feltskytinga i klasse V55 føre finalen med 29 treff. Også i finalen gjekk det bra for Lars, han skaut der 10/6 og var berre tre innertreff bak vinnaren, Olaf Solbakken frå Røldal som skaut seg opp frå skive 12. Me gratulerar Lars med ein flott 2. plass på felten i klasse V55. Les reportasje frå finalen her.
 
Liv skaut også finale både på felt og bane utan å nå heilt opp. Nils skaut finale på banen i V73, gjorde ingen feil der, men hadde mista eit poeng på den innleiande skytinga og vart med det nr. 7.
 
Dag-Kjetil slo like godt til med årsbeste på banen, 236 poeng, og fekk med seg gåvepremie på den gode 10-skoten sin på 98 poeng.
 
I dei yngste klassane, gjorde dei 4 deltakarane gode resultat ut frå tidlegare prestasjonar. Andreas skaut 28 på felten, og var nerme ein finale i klasse R. Etter å ha hatt tull med siktet på baneskytinga, skaut Kåre Jørgen bra på felten. Han skaut 27 treff med heile 23 innertreff, og på minneskytinga vart det berre ein niar og 59 poeng. Harald og Martin skaut i juniorklassen. Martin skaut 243 poeng på banen og 27 på felten. Harald var ikkje heilt heldig på banen, men hadde 25 treff på felten.
 
Håpar mange fekk ei positiv oppleving på årets Ls, og er klare for avreise til Elverum om et knapt år (det er også plass til fleire på påmeldingslista)
 
 
 


 


1. mai-stemna 2009
1. maistemna 2009 nådde akkurat 200 deltakarar på to nydelege vårdagar. I løpet av fredagen var det ingen som kunne hamla opp med resultatet til John Olav Ågotnes, Sartor frå torsdagen. Han var heile 3 poeng føre nermaste konkurrent Liv Sollesnes frå arrangørlaget. Deretter fulgte Birgit Rønningen på 340 poeng. Kun seks skyttarar var over 340 grensa.
 
På 100-meteren var det mykje god skyting og i fleire av klassane måtte ein ha nermare 30 innerblinkar (!) for å sikra sigeren i klassen.
 
Medaljevinnarar:
3-5: John Olav Ågotnes, Sartor 346, Liv Sollesnes, Jondal 343 (sølv), Birgit Rønningen, Å/H 340 (sølv)
V55: Alf Høysæter, Tysse 344
2: Andreas Seilen, Bruvik 243
 
R: Marius Vatnøy, Seim 347
ER: Åsne Skår, Tørvikbygd 350
J: Asle Kvamsdal, Fitjar 349
V65: Erling Haugland, Fana 349
V73: Nils Lothe, Jondal 350
 
 Resultat finn du her:
 
 
 
Premieoppgjer finn du under resultat i menyen til venstre. 


Hordastemna Felt 09
Heile 13 jondølingar tok den lange turen til Bremnes, og mange kunne reisa fornøgde heimatt. Me fekk ingen Hordameistrar, nermast var Nils som var i omskyting om sigeren i V73. Liv var og i omskyting, om 3. plassen på grovfelten, og vann den. Bjarne fekk stjerne på grovfelten.

Resultat                  Sjå bilder frå stemna her


Vellukka basar 8. april
Årets basar er unnagjort og blei nok ein gong ein knallskuksess. Ca. 100 personar møtte opp i skyttarhuset og såg ut til å kosa seg. Tidlegare på dagen var det kakelotteri i Jondal. Laget fekk eit overskot på ca. 80.000,-. Pengane kjem godt med til bland anna rekruttering, lagsarbeid og vedlikehald på eit stort hus.

Tusen takk til alle som gav oss premiar!

Her finn du oversikt over vinnarar på boka.


Samlagsstemna felt 2009
10 jondalsskyttarar tok den lange turen til Jordalen. Stemna vart avvikla i et ufyseleg vær, der det vart mykje venting i snøbygene, spesielt på grovfelten.

Men det var på finfelten den største, gledelige overraskinga kom. Andreas Kvåle vann rekruttklassen etter å ha skote fullt hus (for fyrste gong?) på den innleiande skytinga. Og med 11 treff i finalen, 41 totalt kunne Andreas kalle seg samlagsmester i rekrutt. Gratulerar!

Lars Færevåg vann klasse V55. Han var nok ikkje heilt nøgd med den innleiande skytinga, men tok seg fint inn att med god finaleskyting i dei vanskelege vinterforholda.

John Birger, Bjarne, Nils og Leiv var også i finalar, men nådde ikkje heilt opp denne gongen.

Resultat finn du her :)


Grasrothandelen
Frå 1 mars 2009 kan du som spelar hjå Norsk Tipping bestemma kva for eit lag i lokalmiljøet som skal motta inntil fem prosent av det beløpet du spelar for.
 
Så gjenstår det berre å gå til tippekommisjonæren og registrere ditt tippekort opp mot Jondal Skyttarlag!!


Jondalsfelten 7.mars 2009
51 skyttarar deltok på årets Jondalsfelt. Sigmund Våge, Vareld vart årets vinnar med 30/13. Det same hadde og Tore Iversen, Bergen, men måtte sjå seg slegen på rangering.
 
Resultat:
 
Premielister finn du under "resultat" til venstre i menyen.
 
Resultat for krinsstemna, som inngjekk i Jondalsfelten, finn du også under "resultat" i menyen til venstre.


Lagsmesterskap feltskyting
Sverre Krutnes vart lagsmester kl. 2-5 og V55 med 26/14 
 
 


Samlagsstemna 15 m 2009
Jondal fekk to samlagsmeistrar på samlagsstemna i Norheimsund. John Birger Stavenes overraska alle og tok sigeren i klasse 3-5 med 243 poeng. Det var 4 skyttarar på denne poengsummen, bla. Liv Sollesnes,  men John Birger rangerte best.
 
Eilev Åsen gjorde også sine saker bra, og vart samlagsmeister i klasse V55. Han hadde 245 poeng.
 


Krinsstemna miniatyr 09
Krinsmester klasse 3-5 vart Liv Sollesnes, Jondal med solide 247 poeng.
Asbjørn Hestad, N/Ø vann V55, også med 247 poeng.
Johs. Skaar Bakke, Strandebarm skaut fullt hus i V65 og vann der.
V73 var jamn, men Nils Lothe, Jondal var poenget føre utfordrarane med sine 247 poeng.
Rekrutt vart vunnen av Andreas Kvåle, Jondal og 238 poeng.
I Er, var det som vanleg god skyting og to skyttarar skaut fullt hus. Harald Brekke, Strandebarm rangerte føre lagkamerat Åmund Kolltveit.
Juniorklassen vart vunnen av Chris A. Fauske med sine 247 poeng.
 
 
Premielista ligg under resultater.
 


Lagsmesterskap miniatyr
Lagsmester i klasse 3-5 vart Bjørnar Wikane med imponerande 245 poeng. Lars Færevåg vann V55, med 244 poeng.
 


Miniatyrstemna -09
Årets miniatyrstevne er over, 93 skyttarar møtte. Vinnar av vandrepokal til beste skyttar uansett klasse, vart Erling Haugland, Fana med 250 og 16 innertiarar.
Liv Sollesnes vann kl. 3-5, med 247 poeng.
 
Fullstendige resultatlister og premieoppgjer finn de under menyvalget Resultater til venstre.


Samlagstemna i baneskyting 2008
135 skyttarar tok turen innom Jondal og deltok på årets samlagsstemna i bane. Forholda låg til rette for gode skyteresultat med sol og lite vind. Dei heilt store resultata måtte ein gå til 100 metersbanen for å finna, av 300-meter skyttarane skaut nok dei fleste litt under pari. Liv Sollesnes, Jondal vart samlagsmester kl 3-5 med 341 poeng. Ho vann sin 14. tittel på bane og sitt 30. samlagsmesterskap totalt. På 100 m skaut to skyttarar fullt hus. Det var Trine Flotve, Norheimsund og Øystese i kl ER og Nils Lothe, Jondal  i kl V65. Klikk her for fyldig omtale.  


Landsskyttarstevne i Førde
Lars Færevåg tok ein flott 4.plass og fekk medalje  i  baneskytinga under landsskyttarstemna i Førde. Med 100 på omgangen og 343 totalt avanserte han på resultatlistene og fekk medalje. Skyttarlaget gratulerer!
 
Nils Lothe skaut 250 poeng på innleiande 25-skot, men lukkast ikkje heilt på finaleomgangen. Med 97 på omgangen enda han på 25.plass.
 
Ellers var det mykje "nesten" for skyttarane frå Jondal, men me prøver på nytt til neste år.


1. Mai-stemna 2008
John Olav Ågotnes, Sartor best i Jondal med 346 poeng. Liv Sollesnes nr 2 på same poengsum, men med færre innerblinkar på omgangen. Mykje god skyting i alle klassar og fire skyttarar klarte 350 poeng på 100 m.


Hordastemna i felt 2008
Hordastevnet i felt 2008 er avslutta og 219 skyttarar har gjennomført stevnet. Veret var for fyrste gong i feltsesongen med oss, og dei fleste fekk jevne forhold. Det vart heimesiger til Liv Sollesnes,Jondal i kl 2-5 og v55. Liv tok sin 2. seier på Hordastemne i felt med 41 treff og 6 innertreff. Vidar Vorland, Bømlo vart nr 2 med 41/5 og John Birger Stavenes tok ei flott 3.plass med 40/1. Les meir om stemna her >>>.
 


Basar i skyttarhuset
Onsdag 19.mars vart den årlege basaren i skyttarhuset avvikla. Det var som vanleg god gammaldags basarstemning med fullt hus og mange heldige vinnarar. Tusen takk til alle som støtta skyttarlaget ved å gje gevinstar og ved å kjøpa lodd! Her er oversikt over vinnarar av gevinstar på bøkene.

Lagsmesterskap alle klassar
John Birger Stavenes vart lagsmester i feltskyting i kl 2-5 og V55 med 30 treff og 11 innertreff. På finfelten skaut Nils Lothe 30/22 i kl V65, Martin Lilleås 29/18 i kl Er, Kåre Jørgen Underhaug 22/08 i kl R og Lena Jondahl Haugen 29/15 i kl Jr. Jostein Kvåle skaut felt for fyrste gong og fekk 19/9 i kl Asp.
 


Bjarne, Martin og Sverre samlagsmester 15 m 2008
Det vart heile tre samlagsmesterskap til Jondal då Granvin skyttarlag arrangerte samlagstemna 15 m på Voss 3.februar. Bjarne Sollesnes vann kl 3-5 og tok sist fyrste samlagsmesterskap med 244 poeng. Det var to poeng føre Liv Sollesnes som vart nr 2 med 242 poeng og sikra dobbelseier til Jondal. Martin Lilleås tok også sitt fyrste mesterskap i kl ER med glimrande 248 poeng. I kl V55 vann Sverre Krutnes med 246 poeng. Me gratulerer! Resultatliste finn de her.


Dag-Kjetil, Lars og Nils lagsmeistrar
Lars var vel den einaste som kunne seia seg vel fornøgd med skytinga under lagsmeisterskapen fredag 25. januar. Han oppnådde 248 poeng i kl. V55. Dag-Kjetil tok sigeren i 3-5, med 234. Nils vann v-65. Resultata kjem snart i menyen til venstre.


Miniatyrstemna 2008
Då var årets miniatyrstemne historie. Vinnar av vandrepokalen, høgste poengsum uansett klasse, vart Malvin Ågotnes (V65), Tørvikbygd med 249 poeng og 12 inner. Det same hadde Håkon Leganger (V55), Rosendal, men vart rangert bak på beste 10-skot.
 
I klasse 3-5 vart det heimesiger, Liv Sollesnes vann med 246, heile 6 poeng føre nestemann på lista.
 


Æresmedalje til Liv
Liv fekk på årets ombodsmøte i samlaget utdelt æresmedalje for sin innsats både i laget i Jondal og i samlaget Hardanger&Voss. Ho har til no blandt anna 29. samlagstitlar og 3. prinsessetitlar. Gratulerar.


2. runde av Krinscupen

Åmund Kolltveit, Strandebarm banka inn 25 blinkar og skaut fullt hus i kl ER då 2. skyting i krinscupen vart avvikla 28.-29. november i Jondal. Me gratulerer Åmund med det flotte resultatet! Bjarne Sollesnes, Jondal vart best i kl 3-5 med 242 poeng. Det deltok 42 skyttarar. Neste runde går i Norheimsund om 14 dagar. Resultatliste finn de her.



Årsmøte 2007
Årsmøte vart halde fredag 9. november. 12 av lagets medlemmer møtte og me hadde eit konstruktivt møte. Laget er i år 130 år og det vart markert med "kvit dame". Årsmeldinga for 2007 kan lesarst under medlemsinfo i menyen til venstre.


Dugnad
Laurdag 3. November vart heile skytefeltet frå standplass fram til 300 meteren rydda for skog og pas.                                      
 
 
Takk til alle som møtte og gjorde ein kjempeinnsats!!


Lagsmesterskap bane 2007
Banesesongen er over og Jondal skyttarlag har arrangert lagsmesterskap for alle klassar. Det deltok i alt 22 skyttarar. No vert det pause til me startar opp at med instruksjonskyting tirsdag 30.oktober.  
Les meir om lagsmesterskapet her.


Liv og Sverre samlagsmeistrar
Årets samlagsstemna på Voss baud på fleire gode jondalsprestasjonar.
 
I klasse 3-5 vart det igjen Liv som vart samlagsmeister. Men utfordrarane pusta henne i nakken denne gongen. Ho hadde 246 poeng før finalen. Fekk der 99 poeng som heldt til siger, poenget føre Anna P Hjelmevoll og Ole J. Bakke.
 
Sverre Krutnes fekk fullklaff og vann v55. Han opna med fullt hus på klassen, og fulgte opp med 97 på grunnlaget og 99 på omgangen.
 
I lagskytinga for veteranar gjekk det også vegen for jondølingane. Jon Espeland (98), Nils Lothe (100) og med Sverre Krutnes, som var i kjempeform,  skaut til 99 og sikra sigeren. 
 
Gratulerar til samlagsmeistrane!!
 
Nils Lothe (V65) gjorde også sakene sine bra, men ein 9.1 på omgangen (som han etter sigende ikkje såg) gjorde sitt til at han med 349 poeng gjekk poenget bak Malvin Ågotnes, Tørvikbygd som skaut fullt.
 
Ellers gjorde fleire av rekruttane våre relativt gode prestajonar, nåko som gjer håp for neste sesong og avstanden opp til dei beste krympar. Best var Martin Lilleås som enda på 345 poeng i ER. I lagskytinga for rekruttane kom Jondal på ein god 2. plass, bak Voss. Der skaut Martin og Vilde 99, og Lena skaut juniorprogrammet til 95 poeng.
 
Lagskytinga på 200 m vart vunnen av Voss. Jondal enda i år på 4. plass. Her skaut Dag-Kjetil (87), Bjarne (96) og Liv (99).
 
 
 


Krinsstemna bane 2007
Då var årets krinsstemne gjennomført og me gratulerar alle krinsmeistrane!!
Arrangementet gjekk føre seg utan problem i fint skytev%EAr.
 
Det måtte omskyting til i klasse 3-5 for å kåra vinnaren. Både Magne Lysen. Tørvikbygd og Liv Sollesnes, Jondal skaut til 339 poeng etter finalen. I omskytinga var det Magne som trakk det lengste strået og med sine 98 mot Liv sine 97 poeng.
 
Sverre Krutnes, Jondal tok sigeren i V55 med 341, poenget føre Johan Linga, Ålvik.
 
Klasse 1 vart vunnen av Georg Kvåle, Jondal med 241 poeng.
 
I rekruttklassen vart vinnaren Åmund Kolltveit, Strandebarm. Han skaut til 348 poeng og tok med det ein suveren siger.
 
Jamnare var det i eldre rekrutt. Men Lena Byrkjeland klarte å halda konkurrentane bak seg og skaut 100 i finalen og 349 poeng. Chris Andre Fauske tok andreplassen poenget bak.
 
Både Malvin Ågotnes, Tørvikbygd og Nils Lothe, Jondal hadde 249 poeng føre omgangen i V65. Men kun Nils fekk fullklaff i finalen og med 349 poeng stod han igjen som vinnar, Malvin enda poenget bak.
 
Ingebrigt Heradstveit tok sigeren i V73 med sine 346 poeng.
 
I stangskytinga vart det veteransiger. Johan Linga, Ålvik skaut til 21 treff og viste med det at det ikkje nødvendigvis er om å gjere å få ut mest skot, men å treffa med dei en skyt. Dette kan sikkert mange ta lærdom av, webredaktøren inkludert... 
 
 


Landsskyttarstemne 2007
Då var årets landsstevne over og me kan oppsummera. John Birger Stavenes gjorde det desidert best av jondølene som var avgarde. Både han og Bjarne Sollesnes var kvalifiserte til feltfinale med hhv. 29 og 30 treff. Men berre John Birger fekk nesten fullklaff i finalen og endte på flotte 40 treff totalt, noko som gav han feltmedalje. Bjarne feila litt i finalen og endte på 37 treff totalt. Begge hadde ein heller svart dag på baneskytinga.
 
Lars Færevåg var i V55 finalen i felt og bane. På felten hadde han 28 treff før finalen, men gløymde der å skru ned før andre holdet  på finalen og endte på 33 treff. På banen hadde han 243 før omgang og fekk der 96 poeng og tilsammen 339.
I same klassen skaut Torleif Storhaug kun baneskytinga med 238 som resultat.
 
Liv Sollesnes hadde ikkje hellet med seg denne gongen. Feltrunden byrja ho med sideskrua på siktet ein omdreining feil og 0 treff. Skaut deretter 24/17. På banen såg me at ting ikkje fungerte som det skulle på den ståande serien, noko som "oppstyret" rundt dei beste skyttarane må ta noko av skulda for.
 
Nils Lothe skaut seg til finale på banen i V65, men fekk etter hans målestokk å rekna "berre" 97 poeng der og 346 totalt.
 
I klasse 3 var Erik Kvestad i aksjon, og på banen fekk han eit flott resultat. 232 på landsskyttarstevne er høgst respektabelt.
 
Vilde Kvestad i Er skaut til 245 på banen og 28/22 på feltrunden.


Hordastemna bane 2007
Liv Sollesnes, Jondal Hordamester i baneskyting for 3. året på rad. Ho skaut 347 poeng og sette ny banerekord på den flotte skytebanen til Omvikdalen skyttarlag. Også veteranane frå Jondal skaut godt og i tillegg tok Jondal skyttarlag ein flott 2.plass på lagskytinga. Les meir om stemna her.

Skytingens Dag
Sundag 20. mai arrangerte me Skytingens Dag. 28 lovande skyttarar deltok og beste resultatet oppnådde Georg Kvåle med 244 poeng. Det vart delt ut DFS-belter og reklamepenn i premie. I skyttarhuset hadde me publikumsvisning, vaffler og kaffi.

1.mai stemna 2007
Arild Røyseth, Åsane/Hordvik vart vinnar av 1.mai stemna 2007 i Jondal. Han skaut 346 poeng og vann med to poeng føre Atle Håtuft, Meland. John Olav Ågotnes, Sartor vart 3, også han hadde 344 poeng. På 100 m var det heile 7 skyttarar som skaut fullt hus. Les meir om stemna her.
 
 


MarineHarvest cup
Onsdag 25.april startar krinscupen for kl aspirant, rekrutt, eldre rekrutt og junior i Jondal. I år er det MarineHarvest som sponsar premiar til cupen. Neste  skyting skal vera i Tørvikbygd den 9.mai  og avslutning i Norheimsund 19.mai. Det vert også høve til å skyta på 300 m for dei som ynskjer det. Jondal skyttarlag står for resultatservicen. Vel møtt!

Basar 2007
Onsdag 4.april var det fullt hus og god gammaldags basarstemning i skyttarhuset. Loddsalget gjekk unna og gav skyttarlaget eit flott overskot. Tusen takk til alle som kjøpte loddar og støtta basaren med gevinstar!


Samlagstemna 2007 i Felt
Jondal skyttarlag gjorde det svært bra på samlagstemna i felt som vart arrangert i nydeleg vårver på Varaldsøy. På grovfelten vart det trippelsiger ved Liv, Lars og Bjarne. Liv mista kun 1 treff i den krevjande finalen og enda opp med 41/4 totalt. Lars vann samstundes kl. V55 med 38/3. Bjarne vann omskyting om 3. plassen, rett nok skal noko av æra gå til Trygve Djuvsland som på strak arm lånte ut børsa si då børsa til Bjarne streika. Suksessen vedvarte på finfelten, Nils vann V65 med 42/10. Lena skaut til det same og fekk ein fin 2. plass i ER. Også Gaute skaut feilfritt men havna utanfor pallen med 42/6. Gratulerar til alle!
 
Resultatliste finn du her. For fleire resultat og premielsiter, gå inn på vareld.skytterlag.no


Lagsmesterskap 15 m 2007
Lena Jondahl Haugen skaut 250 poeng og vart lagsmester kl ER. Me gratulerer med det flotte resultatet!
 
Kl Rekrutt vart vunnen av Kåre Jørgen Underhaug og John Håkon Omdal var best i kl Aspirant. Resultatliste finn de i menyen til venstre.


Lagsmesterskap i felt
Sundag 18. mars vart det arrangert lagsmesterskap i felt i Jeskadalen.
Lars, Nils, Lena og Kåre Jørgen vart lagsmeistrar. Resultat og omtale finn du i menyen til høgre.


Jondalsfelten 2007
John Olav Ågotnes, Sartor vann Jondalsfelten kl 2-5 og V55 og Magne Strømme, Bergen vart nr 2. Begge skaut fullt hus, 30 treff.  På finfelten fylte Magnus Ågotnes, kl R, Asle Kvamsdal kl ER og Lena Jondahl Haugen kl ER. Les meir om stemna i menyen til høgre.

Miniatyrstemnet 2007 avslutta
100 skyttarar fann vegen til miniatyrstemna vår i år. Det er omtrent like mange deltakarar som tidligare år, men det hadde nok komme fleire skyttarar hadde ein unngått kollisjon med stemnet til Åsane/Hordvik, som me håpar å unngå seinare år...
 
Stemnet vart arrangert  problemfritt med fleire sterke og jamne resultat, spesielt i klassane R, ER, V55 og klasse 3 der det måtte teljing av innertiarar til for å skilja klassevinnarane.
 
Vandrepokalen, som går til beste skyttar uansett klasse, vart i år vunnen av Andrea Kirkevold med 249 poeng og 15 innerblinkar. Gratulerar!
 
 
 
 
 
 
 I klasse 3-5 viste Eirik Skjelbreid Grimstvedt, Seim at han meistrar miniatyrbanen i Jondal svært godt. Han skaut til 245 poeng og var med det poenget før hhv. John Olav Ågotnes, Sartor og Liv Sollesnes, Jondal. Også i klasse 3 og 4 vart kampen tett med Terese Løkkhaug, Tysnes, 237 og Knut Lindvik Hårklau, Voss, 239  som klassevinnarar
.
 Klasse 2 hadde 5 deltakarar og vunnen av Eldfrid Gjerald, Voss med 243 poeng.
 
 Dei fleste trudde Tore Iversen, Bergen (249 med 12*) var uslåeleg i V55, men det var føre Arne Berge, N/Ø hadde skote i siste laget. Han heldt nervene under kontroll og kopierte poengsummen men med heile 14 innerblinkar tok han sigeren i V55. Det var ellers svært jamnt og gode poengsummar i denne klassen.
 
V65 vart vunnen av Nils Lothe, Jondal med 247 poeng, og V73 av Ingebrigt Heradstveit, Tørvikbygd med 244 poeng. 
 
Klasse rekrutt vann Harald Brekke, Strandebarm rangert føre Magnus Ågotnes, Fana med den fine poengsummen 247.
 
Som nemnt vart det Andrea Kirkevold, N/Ø som gjorde det best på stemnet,  og vann med det også klasse ER rangert føre lagkamerat Christoffer Sørheim. Også i denne klassen fulgde utfordrarane tett nedover resultatlista, noko som lover bra for framtida.
 
Stig Olsnes Mælen, Voss vann juniorklassen med høgst respektable 248 poeng.
 
Me takkar alle som møtte fram til stemnet og ynskjer velkommen til feltstemnet vårt 25. februar. 
 
Fullstendig resultatliste finn de her.
 


Intern Terminliste 2007
Den interne terminlista er lagt ut via menyen til venstre.

Invitasjon til 15 m stemna

Innbydelse til 15 m stemna i Jondal 13-14 Januar 2007. Klikk HER. Det vert også sett opp lag onsdag 10.januar frå kl 18.00 for skyttarar som ikkje har høve til å delta på stemnedagane. Ta kontakt på tlf 950 37 504 dersom de ynskjer skytetid.



Krinscup i miniatyr 2006/2007

Beste resultat på fyrste runde i krinscupen oppnådde Vilde Kvestad i kl ER og Nils Lothe i Kl V65. Begge skaut kjempegode 249 poeng.



Innandørs sesongen 2006
Tirsdag 31.oktober startar me opp med instruksjonsskyting innandørs frå kl 17.30. Alle frå 10 år og oppover er vel møtt!

Årsmøte 2006.
Fredag 10.november vert det årsmøte i skyttarhuset kl 18.00. Saker til årsmøte må meldast inn til skyttarlaget v/leiar Frank Storhaug innan 3.november. Vel møtt!

Lagsmeisterskap bane 2006

Sundag 17.september vart det arrangert lagsmesterskap i baneskyting. Dag-Kjetil Selsvik vart lagsmester kl 2-5 med 338 poeng, Sverre Krutnes kl V55 med 337 poeng, Nils Lothe kl V65 med 348 poeng, Gaute Kvåle vann kl ER med 343 poeng og Harald Kvåle kl R med 329 poeng. Øvrige resultat finn de her.



Samlagstemna bane 2006

Odda skyttarlag skipa til samlagstemna i bane 13.august. Liv Sollesnes vart samlagsmester kl 2-5 med 344 poeng. Nils Lothe gjorde ingen feil denne gongen heller og vann kl V65 med 350 poeng og Lars Færevåg vart nr 2 i kl V55 med 344 poeng. Jondal vann lagskytinga kl 2-5 med 286 poeng. Veteranane og rekrutt/junior-laget gjorde det også godt på lagskytinga. Resultat frå samlagstemna finn de her.



Landskyttarstemna i Målselv
Det vart ein flott 5.plass til Nils Lothe kl V65 på baneskytinga under landskyttarstemna i Målselv. Han skaut 100 poeng i finalen og måtte ut i omskyting med 4 andre som også skaut fullt hus. På omskytinga vart det også 100 poeng, men ikkje nok innerblinkar til å vera med i ny omskyting. Me gratulerar med medalje og ein glimrande innsats!  

Bjarne Sollesnes skaut 11 skot og 11 treff på finalen i NM i feltskyting. Med 29 treff som utgangspunkt og 40 treff totalt vart  det var akkurat eit treff for lite til å få medalje. Liv Sollesnes skaut også 11 treff og med 41 treff vart det stjerne.  Ole Johannes Bakke frå Strandebarm var med i omskyting om NM-tittelen og etter glimrande skyting vart han nr 2 med 42 treff etter to omskytingar. Han fekk feltmedalje. Gratulerer Ole Johannes! Les meir om LS på dfs.no
 
Bilete frå Målselv er lagt ut i billedalbum.
 


Vestlandstemna bane 2006
Liv Sollesnes vart vestlandsmester kl 2-5for 3.gong  med 347 poeng då Fana skyttarlag arrangerte vestlandstemna i baneskyting 1.-2.juli. Nils Lothe vann kl V65  med 349 poeng og vart vestlandsmester for 2.året på rad. Les meir om stemna i menyen til høgre.

Hordastemna bane Voss 10.-11. juni 2006
Liv Sollesnes, Jondal vart Hordamester i baneskyting kl 2-5 med 347 poeng. Med 247 poeng på 25-skoten og 100 på finalen vart det to poengs margin til Audun Kvandal, Røldal som vart nr 2. Nils Lothe vart Hordamester i kl V65 med 349 poeng. Sjå omtale frå stemna i menyen til høgre. Nye bilete er lagt ut i albumet.

Skytingens Dag
Meir eller mindre minneverdige øyeblikk frå skytingens dag finn du under billedalbum i menyen til venstre.

1.mai stemna 2006
Liv Sollesnes,  Jondal vart vinnar av 1.maistemna 2006 i Jondal med 344 poeng. John Olav Ågotnes, Fana stoppa på same poengsum, men vart nr 2 etter rangering. Kraftige vindflager frå søraust skapte ein god del problem for skyttarane og det vart mange skeive seriar både sundag og måndag. Sjå omtale i menyen til høgre.

Basar i skyttarhuset.
Onsdag 12.april hadde me den årlege basaren i skyttarhuset på Solesnes. Det var også kakelotteri i Jondal sentrum på føremiddagen. Skyttarhuset var stapp fullt og loddsalget gjekk unna som aldri før. Netto resultat vart på kr 72.138,-! Tusen takk til alle som støtta skyttarlaget med å kjøpa lodd, baka kaker osv.  Vinnarar av gevinstar på bøkene finn de her.


Hordastemna i feltskyting 2006
Bjarne Sollesnes, Jondal vart Hordamester i felthurtigskyting med 9,11 sek og Liv Sollesnes nr 3 på grovfelten. Sjå omtale i menyen til høgre.


Samlagstemna felt 2006
Jondal skyttarlag fekk 4 samlagsmesterar då Jordalen skyttarlag skipa til samlagstemna i felt saman med Vossestrand skyttarlag. Liv Sollesnes vann kl 1-5 og V55 etter omskyting med Nils Åge Sandal, begge hadde fullt hus både på innleiande skyting og i finalen. Nils Lothe vann kl V65 også han med 42 treff. Sverre Krutnes vart vinnar av kl V55 med 36 treff og Bjarne Sollesnes vann felthurtigskytinga med 8,75 sek. Sjå omtale i menyen til høgre.

Krinsstemna i feltskyting 2006
Strandebarm skyttarlag skipa til krinsstemna i feltskyting laurdag 25.mars. Dei hadde laga til eit fint feltopplegg både på finfelt og grovfelt. Ole Johannes Bakke frå arrangørlaget vart vinnar i kl 1-5 og V55.

Jondalsfelten 2006

Liv Sollesnes, Jondal vann Jondalsfelten 11.mars 2006 med 30 treff og 11 innertreff. 59 skyttarar deltok og det var fine skyteforhold sjølv om motlys skapte store problem for skyttarane tidleg på dagen. Sjå resultat og omtale i menyen til høgre. Det vert også lagt ut bilete frå stemna i billedalbumet i løpet av kort tid.



Krinsstemna 15 m 2006
Christoffer og Niclas skaut 250 i kl ER.
 
 
Den nye rangeringsregelen for innandørsskyting måtte takast i bruk for å skilja nr 1 og 2 i kl ER då Norheimsund og Øystese skyttarlag arrangerte krinsstemna for Ytre Hardanger Samlagskrins. Christoffer trekte det lengste strået med knappast mogeleg margin og vart vinnar av kl ER. Les meir om stemna i menyen til venstre.


Krinscup 5.runde 25.-26.januar 2006
Gratulerar med 250 poeng Anna Brita!

Anna Brita Kolltveit frå Strandebarm skyttarlag sprengde alle rekordar og skaut like godt fullt hus då 5. runde i krinscupen vart avvikla i Jondal 25. og 26.januar. Sjå gravkortet her.





5.runde i Krinscupen
Det vert opna for påmeding til 5.runde i Krinscupen som skal vera i Jondal 25. og 26.januar frå onsdag 18.januar 2006. Sjå paamelding.no 

Krinsstemna 15 m 2006
Norheimsund og Øystese skyttarlag står som arrangør av krinsstemna 15 m 29.januar 2006. Påmelding til stemna er opna på paamelding.no Krinsstemna er også 6.runde i Krinscupen 2005/2006. Premieutdeling for cupen og krinsstemna etter endt skyting.

15 M stemne i Jondal 7. og 8.januar 2006.
102 deltakar møtte til 15 m stemna i Jondal.
 
Vilde Kvestad, Jondal kl ER stod for dagens beste resultat då ho la inn 249 poeng i det nest siste laget. Ho får med dette napp i vandrepokal til skyttar med beste resultat uansett klasse. I tillegg vann Vilde kl ER to poeng framfor ein gjeng med 247 poeng.
 
Kl 2-5 vart vunnen av Eirik Skjelbreid Grimstvedt frå Hålandsdalen med 244 poeng. John Olav Ågotnes, Fana og Liv Sollesnes, Jondal oppnådde same resutlat, men med dårlegare rangering.

Sjå resultatliste og omtale i menyen til høgre.


Bingo og premieutdeling
Søndag 30.oktober  arrangerte me Bingo i skyttarhuset. Det viste seg å verta ein stor suksess med fullt hus og skikkeleg bingostemning. Den heldige vinnaren av hovudgevinsten på kr 1000,- gitt av Jondal Stål AS ,vart Selmer Wikane. Bingoen gav ca 10.000,- i netto til lagskassen. Tusen takk til  dei som støtta skyttarlaget med gevinstar til bingoen og til alle som møtte opp og bidrog til det flotte resultatet. Det vart samstundes delt ut premiar frå banesesongen til rekrutt og junior skyttarane våre.

Årsmøte

Fredag 28.oktober vart det halde årsmøte i skyttarlaget. Frank Storhaug vart valgt til ny leiar og med seg i styret får han Dag-Kjetil Selsvik, Bjarne Sollesnes, Leiv Lirhus og Håkon Sollesnes. Rekneskapet synte eit fint overskot og årsmeldinga vitna om god aktivitet i laget. Avtroppande formann, Lars Færevåg, fekk overrekt blomebukett som takk for innsatsen.



Samlagstemna bane 2005

Tørvikbygd skyttarlag arrangerte samlagstemna i baneskyting 20. og 21.august. Liv Sollesnes vart samlagsmester kl 2-5 og Lena Jondahl Haugen vann kl Rekrutt. Les meir om stemna i menyen til høgre.

Hardangerskifer Ungdomscup 2005

Onsdag 22.juni vart Skifercupen avslutta med skyting i Tørvikbygd. Lena Jondahl Haugen, Jondal avslutta cupen med å skyta 350 poeng med 22 innerblinkar. Det har delteke omlag 40 rekrutteringsskyttarar på samtlege 6 skytingar og det er oppnådd mange gode resultat. Les meir om cupen i menyen til høgre.

Hordastemna i baneskyting på Os 11. - 12.juni 2005
Liv Sollesnes tok sitt andre Hordamesterskap i baneskyting med 346 poeng. Rekrutt og juniorskyttarane gjorde også ein flott innsats. Les meir om stemna i menyen til høgre. Det er lagt ut bilete frå stemna i billedalbumet.

1.mai stemna 2005
John Olav Ågotnes, Fana, skaut 348 poeng og vart klar vinnar av 1.mai stemna i Jondal. Mona Isene, Førde vart nr 2 med 345. 3 skyttarar enda på 344 poeng og Arild Brodahl, Fana rangerte best og vart nr 3.



Tusen takk til alle som hadde tolmodigheit med oss då me fekk problem med anlegget etter lyn-nedslag laurdag ettermiddag. Det deltok i alt 236 skyttarar. De finn meir stoff om stemna i menyen til høgre. Bilete frå stemna finn de under billedalbum.


Jondalsfelten
Liv Sollesnes, Jondal vann Jondalsfelten 17.april 2005 med 30 treff og 15 innertreff. Johannes Skår Bakke, Strandebarm hadde også 30/15, men rangerte bak på siste haldet. Det deltok ikkje meir enn 13 på grovfelten og 15 på finfelten i det fine vårveret.

Resultatliste finn de her.

Basar i skyttarhuset
Onsdagen i påskeveka er det tradisjon med basar i skyttarhuset og kakelotteri på føremiddagen i Jondal sentrum. Også i år var det fullt hus og flott basarstemning. Det vart sett ny resultatrekord med eit netto overskot på omlag kr 60.000,-. Tusen takk til alle som støtta skyttarlaget med gevinstar og loddkjøp. Det ligg bilete frå basaren i billedalbumet. Her er lista over vinnarar av gevinstane på loddbøkene.
.

Krinsstemna 15 m 2005
Liv Sollesnes, Jondal, vart krinsmester kl 2-5 med 245 poeng. Heile 64 skyttarar deltok, og mange gode resultat. Les meir om krinsstemna i menyen til høgre.

Krinscup 15 m siste runde.
Torsdag 20.01.05 avslutta me krinscupen i minatyrskyting for sesongen 2004/2005. Det møtte heile 49 skyttarar og mange har vist fin framgang i løpet av cupen. Aspirant/Rekrutt og Junior fekk utdelt premiar.

Dei beste resultata oppnådde Liv Sollesnes, Jondal kl 5 med 299 og Kristian Djuvsland, Hatlestrand og Ølve med 298 i kl V55. Kl 2-5 skaut 10 skot ligg, 10 skot kne og 10 skot ståande. Kl V55 skaut 15 skot ligg og 15 skot kne. Sjå resultatliste i menyen til venstre.

Miniatyrstemne i Jondal 8.og 9.januar 2005
Tore Iversen, Bergen skyttarlag skaut heile 250 poeng i kl V55 og fekk sitt fyrste napp i vandrepokal til skyttar med best poengsum uansett klasse.


Dag Skår, Tørvikbygd og John Olav Ågotnes, Fana fekk begge 244 poeng og delte fyrsteplassen i kl 2-5.

70 skyttarar deltok.

Det var mange gode resultat i dei øvrige klassane også.
Resultatliste finn de her.



Terminlister 2012
Les meir..

Vaktliste Vinter 12
Tysdagar Les meir..

Krinsstemna bane 2011
Skytetider Les meir..

Vestlandsstemna 2011
Lars og Nils vart klassevinnarar i felt! Les meir..

Jaktfelt 2011
Resultat Les meir..

Rekrutteringssamling Aga, 13.-14. mai
Vestlandsstemna 2011
Førde arrangerar vestlandsstemna 2.-3. juli. Les meir..

Vaktliste vår 2011
Sjå kva tid du skal ha vakt Les meir..

Krinsstemna miniatyr 2011
Liv, Lars og Nils vann Les meir..

Terminlister 2011
Med korrigeringar for krinsstemna Les meir..

Norgescupen 2010
2.plass til Liv Sollesnes Les meir..

Intern Felt II 2010
Les meir..

Intern Felt I 2010
Samlagsstemna miniatyr 2010
Lars vart samlagsmester Les meir..

Krinscup miniatyr
Info/Resultat frå krinscup 09Les meir..

Terminliste 2010
Forslag Les meir..

Jaktfelt
Resultat frå jaktfelt Les meir..

Nils vestlandsmester
Liv skaut 350
1. runde NC 2009
God åpning av Liv Les meir..

Lagsmesterskap 15 m rekrutt/junior
Resultat. Les meir..

Intern Feltskyting II
Resultat Les meir..

Intern feltskyting I
Resultat Les meir..

3. runde krinscup
Resultat Les meir..

Intern terminliste2009
Bilder

Det er lagt ut nye bilder i billedalbumet. Les meir..

Lagsemesterskap bane 2008
Resultat Les meir..

Jaktfelt 2008
Endelige resultat jaktfeltskyting. Les meir..

Marine Harvest cup 2008
Samanlagtliste etter 9 skytingar. Les meir..

Krinsstemna bane 2008
Ny dato for krinsstemna. Les meir..

Vestlandsstevnet
Skytetider Les meir..

Hordastemna bane 2008
Martin skaut 250 Les meir..

Hordastemna bane 2008
Skytetider til Hordastemna. Les meir..

Krinscup Jondal 21.05.08
Resultat frå cupen Les meir..

Samlagsstemna felt 2008
Jaktfelt 2008
Datorar for jaktfeltskyting og oppskyting Les meir..

Hordastemna felt
Skytetider Les meir..

Premieskyting vinteren 07/08
Resultat frå innandørsskyting Les meir..

Intern feltskyting II
Andre runde av den interne feltskytinga Les meir..

Hordastemna felt 2008
Innbydelsen er sendt ut Les meir..

Intern feltskyting I
Fyrste runde av den interne feltskytinga Les meir..

Terminliste 2008
Terminliste for Hordakretsen Les meir..

Terminliste 2008
Intern terminliste 2008 Les meir..

Krinscup 15 m
Innbydelse til krinscup 15 m 07/08. Les meir..

Klassesetting 2008
Finn ut kva klasse du er i neste år Les meir..

Lagsmesterskap bane 2007
Banesesongen vart avslutta med lagsmesterskap. Les meir..

Statkraftfinalen
Resultat Les meir..

Nc 3, runde
Det var i helga (24.-26. aug) avslutning av årets norgescup i Rogaland. Liv og Bjarne var jondals representantar der. Les meir..

Vestlandsstemna 2007
Jondal fekk to vestlandsmeistrar!! Les meir..

Jaktfelt 2007
Resultat frå Jaktfelten 2007. Les meir..

MarineHarvest cupen samanlagt
Åmund og Niclas vinnarar samanlagt. Les meir..

2. skyting i MarineHarvest cupen
Knallgod skyting i Tørvikbygd. Les meir..

1.mai stemna 2007
7 med 350 poeng i Jondal. Les meir..

Krinscup 25.04.07
Fyrste runde i krinscupen Les meir..

Lagsmesterskap 15 m 2007
Resulatliste og omtale. Les meir..

Lagsmesterskap i felt
Resultat og omtale Les meir..

Krinsstemna i felt 2007
3 krinsmestrar frå Jondal. Les meir..

Jondalsfelten 2007
52 skyttarar deltok på Jondalsfelten. Les meir..

Fyrste runde av den interne feltskytinga
Her er resultata. Les meir..

Samlagstemna 15 m 2007
Liv Sollesnes samlagsmester kl 3-5. Les meir..

Krinsstemna 15 m
Resultat frå Krinsstemna 15 m 2007. Les meir..

Samlagstemna 15 m
Skytetider samlagstemna 15 m. Les meir..

Krinscup 4.runde

Åmund og Chris Andre med 249 i Jondal. Les meir..

Innbydelse
Samlagstemna 15 m i Odda. Les meir..

2. runde av krinscupen
Her finn du resultat frå 2. runde av cupen og samanlagtliste. Les meir..

Resultat frå Krinscup 15 m 1. runde

Mange gode resultat då innandørssesongen starta opp med krinscup. Les meir..

Terminliste 2007
Hordakretsen har laga terminliste for neste sesong. Les meir..

Klassesetjing 2007
Sjå kva klasse du skyt i neste år. Les meir..

Premieskyting sommaren 06
Samla resultat frå premieskyting sommaren 06. Les meir..

Bilete frå Nordisk i Overhalla
Finale i Statkraftcupen 2006
Nils skaut 350 poeng på finalen. Les meir..

Krinsstemna bane
Liv Sollesnes krinsmester kl 2-5. Les meir..

Skytetider samlagstemna bane
Skytetidene til samlagstemna i baneskyting er klare. Les meir..

Samlagskyting på LS i Målselv
Uttak til samlagskyting på landsskyttarstemna i Målselv. Les meir..

Vestlandstemna bane 2006
347 poeng og nytt vestlandsmesterskap til Liv Sollesnes. Les meir..

Samlagskyting på Vestlandstemna
Laguttak til samlagskyting på Vestlandstemna.Les meir..

Skytetider til Vestlandstemna
Fana skyttarlag har lagt ut skytetidene til Vestlandstemna. Les meir..

Landskyttarstemna -06
Skytetidene for landsskyttarstemne finn du her. Les meir..

Hordastemna i baneskyting
To hordamestrar til Jondal. Les meir..

Jaktfelt
Resultat etter 5 skytingar i jaktfelten. Les meir..

Samanlagtliste skifercupen
Samanlagtlista er oppdatert etter 4 skytingar. Les meir..

Skifercupen
Niclas best i Tørvikbygd. Les meir..

2.skyting i Skifercupen
Niclas Øye, Tørvikbygd var best i Norheimsund med 347 poeng. Les meir..

1.mai stemna Jondal 2006
Ny deltakar-rekord på 1.mai stemna i Jondal. Les meir..

Hardangerskifer Ungdomscup
Andrea Kirkevold starta cupen med 350 poeng. Les meir..

Terminliste Jaktfelt og oppskyting
Feltskyting og jaktprøve 2006. Les meir..

Hardangerskifer ungdomscup
Invitasjon til Hardangerskifer ungdomscup. Les meir..

Hordastemna felt 2006
Gode plasseringar til Jondal skl. Les meir..

Lagsmester 15 m rekrutt 2006
Innesesongen er avslutta og me har hatt lagsmesterskap. Les meir..

Samlagstemna felt 2006
God skyting av skyttarane frå Jondal på samlagstemna i feltskyting. Les meir..

Krinsstemna felt 2006
51 skyttarar deltok på krinsstemna i felt. Les meir..

Samlagsstemna felt
Skytetider for samlagsstemna i felt. Les meir..

Hordastemna i felt
Skytetider for Hordastemna i felt. Les meir..

Lagsmesterskap felt senior
Anne Jondahl Haugen vart lagsmester kl 1-5 og V55. Les meir..

Jondalsfelten 2006
Heimesiger på Jondalsfelten. Les meir..

Påmelding til samlagstemna i feltskyting
Frist for påmelding til samlagstemna felt er 14.mars. Les meir..

Feltsesongen er i gong
Feltbørsene er pussa og innskotne og feltsesongen er starta. Les meir..

Samlagstemna 15 m 2006
Liv Sollesnes, Jondal samlagsmester kl 2-5. Les meir..

Lagsmesterskap 15 m senior
Bjarne Sollesnes og Lars Færevåg vart lagsmester 15 m. 2006. Les meir..

Krinsstemna 15 m 29.januar 2006
Rekordskyting i Dalatun. Les meir..

Samanlagtliste krinscupen
2 x 250 på siste runde i krinscupen. Les meir..

5.runde i krinscupen
Anna Brita Kolltveit skaut 250 poeng. Les meir..

Krinscup 15 m samanlagt
Oppdatert samanlagtliste etter 4. runde i krinscupen. Les meir..

Krinscup 4. runde
Resultat frå krinscup i Strandebarm. Les meir..

15 m stemna i Jondal 2006
Vilde Kvestad skaut best i Jondal. Les meir..

Premieskyting 15 m hausten 2005
Resultat etter 4 skytingar. Les meir..

Terminliste instruksjonsskyting
Terminliste for instruksjonsskyting 2006. Les meir..

Terminliste
Terminliste for 2006 er lagt ut. Les meir..

Samanlagtliste krinscup 15 m
Samanlagtliste etter 3.runde i krinscupen 15 m. Les meir..

3.runde i Krinscupen
Glimrande skyting også på 3. runde i krinscupen. Les meir..

2. runde i Krinscupen
Ny deltakarrekord og rekordgod skyting. Les meir..

Krinscup 15 m Tørvikbygd 9.-10.november
Heile 65 deltakarar skaut krinscup i Tørvikbygd. Les meir..

Krinscup 15 m 2005
Innbydelse til Krinscup 15 m Les meir..

Oppstart innandørsskyting
Tirsdag 1.november startar me opp med skyting inne. Les meir..

Skogsløp med skyting.
Resultat frå skogsløp med skyting. Les meir..

Lagsmesterskap bane 2005
Søndag 11.september var det lagsmesterskap i baneskyting.
Finale i Statkraftcupen 2005
Nils Lothe skaut 350 poeng i finalen i Statkraftcupen. Les meir..

Samlagstemna bane 2005
Lena og Liv vart samlagsmester i Tørvikbygd. Les meir..

Krinsstemna bane 2005
Anne og Liv vart krinsmester i Norheimsund. Les meir..

Skytetider samlagstemna bane 2005
Vestlandstemna i Sogndal
Nils Lothe, Jondal vart Vestlandsmester i kl V65. Les meir..

Samanlagtliste Hardangerskifer ungdomscup
Samanlagt liste Skifercupen. Les meir..

6. og siste runde i Skifercupen
Lena Jondahl Haugen skaut 350 poeng. Les meir..

Lagsdress
Bestilling av lagsdressar. Les meir..

Hordastemna i baneskyting 2005
Liv Sollesnes vart Hordamester med 346 poeng. Les meir..

5.runde i Hardangerskifer Ungdomscup
Lena Jondahl Haugen, Jondal skaut 348 med to 9.9 Les meir..

4.runde i Skifercupen
Christoffer Sørheim, skaut 347 og 40 deltok. Les meir..

3. runde i Skifercupen
Gode resultat også i 3.runde i Hardangerskifer Ungdomscup. Les meir..

Hordastemna 2005
Skytetider for Hordastemna på Os. Les meir..

Ungdomssamling i Norheimsund
Laurdag 4.juni vert det samling for ungdomane i samlaget i Norheimsund. Les meir..

2. runde i skifercupen
God skyting og like mange med i 2.skyting i Hardangerskifer Ungdomscup. Les meir..

Hardangerskifer Ungdomscup
Lena J Haugen starta krinscupen med 348 poeng. Les meir..

Teminliste jaktfelt og oppskyting
1.mai stemna Jondal 2005
236 deltok på 1.mai stemna i Jondal og mange gode resultat. Les meir..

Terminliste våren 2005
Her finn de oversikt over skyting på 100 m. Les meir..

Jondalsfelten 2005
To med 30 treff både på grovfelten og finfelten. Les meir..

Samlagstemna i feltskyting 2005
Jondal fekk 4 samlagsmestrar i Røldal. Les meir..

Hordastemna i feltskyting 2005
Fine plasseringar til Jondal på Hordastemna i felt. Les meir..

Krinsstemna felt 2005
Lena, Erik og Liv vart krinsmestrar på Varaldsøy. Les meir..

Lagsmesterskap 15 m rekrutt/junior 2005
God skyting og mange deltakarar på lagsmesterskap for rekrutteringsskyttarane. Les meir..

Resultatliste premieskyting
Premieskyting for rekrutt/junior Les meir..

Feltskyting 19.02.05
Feltsesongen er i gong. Les meir..

Lagsmesterskap miniatyr for kl 2-5 og Veteran
Bjarne Sollesnes lagsmester kl 2-5. Les meir..

Krinsstemna 15 m 2005
4 krinsmestrar frå Jondal. Les meir..

Resultat krinscup Jondal 20.januar 2005
49 skyttarar deltok på siste runde i krinscupen og mykje god skyting. Les meir..

Krinscup 15 m samanlagt
No er samanlagtlista oppdatert etter siste skyting i krinscupen. Les meir..

Terminliste vinteren 2005
Her finn de terminliste for innandørssesongen vinteren 2005 Les meir..